Kvifor borgarløn er ein trøblete idé, på sitt beste

Øyvind Strømmen Avatar

Nyleg vart eg intervjua av Civita, i samband med deira nye serie Civita-samtalen, ein slags videopodkast. I den samanhang spurte intervjuar Eirik Løkke meg også om borgarløn. Dette er det lange svaret.

Mitt eige parti, Miljøpartiet Dei Grøne, går inn for ei utgreiing av borgarløn i Noreg, og ynskjer også å gjennomføra pilotprosjekt. Ein heil del medlemer av partiet er grunnleggjande positiv til idéen. Det er dei ikkje åleine om. Ein kan få inntrykk av at idéen om ei slik grunninntekt for alle har fått fleire tilhengjarar både i Noreg og internasjonalt dei siste åra. Ingeborg Eliassen og Sven Egil Omdal har skrive ei bok om borgarløn som idéen som endrar spelet. For nokre dagar sidan skreiv Dagens Næringsliv om korleis den spanske regjeringar no ynskjer å innføra «en form for borgerlønn», men særleg detaljar presenterer verken DN eller den spanske regjeringa.

Sjølv er eg skeptisk.

Fint og ullent

Dei mest openberre tilhengjarane av borgarløn i Noreg er å finna i organisasjonen BIEN Norge, som på nettsidene sine skriv at borgarløn er «en universell og ubetinget inntekt som dekker hver og ens grunnleggende behov og sikrer et verdig liv uavhengig av arbeidsstatus».

Vidare framhever dei at borgarlønsforkjemparar finst på heile det politiske spekteret, og at det er mange grunnar til den støtta:

Rundt om i verden er en borgerlønn ansett som en meget effektiv måte å oppnå viktige samfunnsmål, inkludert reduksjon og eliminering av fattigdom og usikkerhet, reduksjon av ekstreme forskjeller i inntekt og formue, og et mer demokratisk og økonomisk velfungerende samfunn.

Ein kan seia to ting om dette. Det fyrste er at det høyrest fint ut. Å utrydda fattigdom og uvisse er edle mål, og også i mine auge er eit samfunn utan ekstreme forskjellar i inntekt og formue gjerne eit betre samfunn; sjølv om det ikkje nett er det einaste det heng på. Og «meir demokratisk» og «økonomisk velfungerende» er flotte honnørord.

Det andre ein kan seia er at dette er frykteleg ullent. Når ein får vita at borgarløn er ein idé som har støtte ulike stader på det politiske spekteret, bør ein til dømes spørja seg: Kvifor det? Er det eit uttrykk for reell semje, eller er det eit uttrykk for noko anna?

Svaret er: Noko anna. Her kan det halda med eit par konkrete døme. Blant dei mange borgarløntilhengjarane som dei siste åra har kome ut med ei bok om dette er Nick Srnicek og Alex Williams, som har skrive boka Inventing the Future: Postcapitalism and a World Without Work, som alt på framsida føresler krav om både full automatisering og ei universell grunninntekt.

Srnicek og Williams er represententar for det ein kan kalla venstreorientert akselerasjonisme.

I den grad du har høyrd det sistnemnde ordet i det siste er det ei fåre for at det er i samband med gale og farlege høgreekstremistar, som – for å sitera Lasse Josephsen – ser på samfunnet «som så dekadent at det hverken kan eller fortjener å reddes, derfor skal man være med å trappe opp alle konflikter i dette samfunnet for å få sammenbruddet til å skje fortere, så man deretter kan bygge opp noe helt nytt ruinene». Det er folk som drøymer om rasekrig og elendighet.

Srnicek og Williams sin akselerasjonisme handlar sjølvsagt om noko anna. Dei meiner at teknologiutviklinga bør setjast fart på, og at det er naudsynt for å vinna sosiale konflikter. I deira forståing vil teknologiutviklinga rett og slett sprengja rammene for kapitalismen, og kunna føra oss inn fram til det postkapitalistiske samfunnet.

Fullautomatisk luksuskommunisme

I Inventing the Future har dei lagt frå seg omgrepet akselerasjonisme, grunna det virvaret av ulike idéar som vert knytt til ordet. Sikkert eit klokt val. Det dei skildrar er ei utopisk framtid, ei framtid som er post-work. Nett det ordet er ikkje så lett å omsetja, for både «postarbeid» og «etterarbeid» fungerer utvilsamt dårleg, men det Srnicek og Williams skildrar er eit samfunn der økonomien er fullt ut automatisert, eit samfunn der den naudsynte arbeidsinnsatsen er redusert «så mykje som mogleg», for «det er ikkje måndagar du hatar, det er jobben din».

Dei er ikkje nett ludditar.

Men det hjelper ikkje med all denne nye fritida, dersom ein ikkje har moglegheit til å faktisk nyta ho. Difor meiner Srnicek og Williams at det trengs ei borgarløn. Men, skriv dei, den tanken kan like gjerne nyttast til å skapa «ein libertariansk dystopi» som eit «post-work-samfunn», difor må ei slik borgarløn både vera tilstrekkeleg til å leva av, ho må vera universell og ho må vera eit supplement til velferdsstaten, og ikkje ei erstatning.

Ein av fordelane med utopiar er at dei gjer det mogleg å tenkja nye tankar, og det skal Srnicek og Williams ha, dei representerer faktisk døme på nytenking på den radikale venstresida, sjølv om idéen om borgarløn – som dei sjølv peiker på – knappast er ny. Det er noko leikande med utopiar, og i leik slepp ein fantasien laus.

Men ei av ulempene med utopiar er dei er teiknebrettkonstruksjonar, og lite meir. Slik er det, sjølv om Srnicek og Williams insisterer på at ein ny framtidsvisjon for venstresida bør vera bygd på «faktisk eksisterande tendensar».

Den revolusjonære draumen dei ber på handlar ikkje om å riva alt opp med rota, og starta på nytt. Likevel er det liten tvil om at deira visjonar må plasserast godt ute på den politiske venstresida. Visjonen dei teiknar opp liknar mykje på det andre kaller «fullautomatisk luksuskommunisme«.

Dette er på sett og vis den utopiske motsatsen til all uroa for at automatisering skal riva vekk arbeidsplassar, eller som BIEN seier det:

Vi står på randen av en teknologisk revolusjon innen automatisering, som vil føre til at store deler av dagens jobber vil forsvinne i løpet av de neste par tiårene. […] Om vi ønsker å unngå en arbeidsledighet vi ikke har sett maken til siden arbeidsledigheten ble oppfunnet, må vi ta et av to valg: Vi kan enten finne opp tullejobber som gjør oss fortjent til en levelig inntekt, eller vi kan innføre borgerlønn

Hjå Srnicek og Williams vert dette sett gjennom veldig rosa (eller kanskje ganske raude) brilleglas. Men som Dylan Matthews i Vox skriv:

Me har gått gjennom store automatiseringssjokk før; er sjølvkøyrande lastebilar verkeleg eit større steg enn, vel, lastebilar?

Kort fortalt: Automatisering kjem ikkje til å avskaffa arbeid. Den kjem til å forandra kva typar av arbeid me gjer, og korleis me gjer dette arbeidet, litt på same måte som at eg skriv denne teksten på ei datamaskin, verken med skrivemaskin eller for hand. Allereie der raknar teikninga frå teiknebrettet.

Eit alternativ til velferdsstaten

Men lat oss la den diskusjonen liggja, og istadenfor berre konkludera med at Srnicek og Williams er plassert godt ute på venstresida.

Ein annan borgarlønstilhengar er Charles Murray. Å kalla Murray kontroversiell er ganske forsiktig. Då Civita inviterte han til Noreg i 2017 førte det til bråk, ikkje minst grunna boka Bell Curve, som har vorte skulda for å formidla rasistiske idéar. Den diskusjonen skal eg hoppa bukk over her, istadenfor kan det vera nok å visa til at Murray tilhøyrer sterkt konservative American Enterprise Institute. Mathilde Fasting i Civita skreiv i etterkant av noregsbesøket:

I «Coming Apart» kritiserer han europeiske velferdsstater, og spesielt de skandinaviske. En velferdsstat er i Murrays øyne passiviserende og fjerner den enkeltes ansvar for eget liv og lykke fra egne handlinger. 

For Murray er ei borgarlønsordning nettopp noko som skal koma istadenfor velferdsstaten, som han ser på som «sjølvdestruande»:

Etter ein prosess som har teke tiår har velferdsstaten alvorleg forringa tradisjonane for arbeid, sparsemd og naboskap som tillot systemet å fungera i utgangspunktet. Den skaper no sosiale og økonomiske problem den står makteslaus i å forsøka å løysa.

Murray vil innføra ei garantiinntekt og, i amerikansk samanhang, fjerna både Social Security, Medicare, Medicaid, velferdsprogram og landbrukssubsidiar. Han forfeiktar nettopp det Srnicek og Williams omtaler som ein «libertariansk dystopi».

Men for Murray er dette ingen dystopi: Han meiner det vil gjera slutt på det han kallar ufriviljug fattigdom, at det vil føra til at fleire deltek i arbeidslivet, at det vil gje mindre kriminalitet og at det vil gje fleire ei kjensle av sjølvrespekt.

Visjonen hans står i openberr kontrast til ideane til Srnicek og Williams. Dei tilhøyrer politiske motpolar. Alle tre går inn for borgarløn, men det dei meiner med det er grunnleggjande forskjellige ting.

Velferdsstat eller ikkje?

Slåande nok vil også partiet Raudt bruka det dei kallar samfunnsløn til å «på sikt erstatte sosialhjelp, studielån og fleire trygdeordningar». Det er å gå inn for ei grunnleggjande omkalfatring av velferdsstaten.

Kva BIEN Norge meiner, er noko meir uklårt. Tilbake i 2015 skreiv dei dette på sine eigne Facebook-sider:

Til alle ansatte på NAV – slutt med det!

NAV er et topptungt byråkratisk system som koster samfunnet enorme summer. NAV fungerer på utsiden av staten og det er private næringsliv og er lite annet enn en parasittvirksomhet som har ytterst lite formålstjenelig (sic!) for seg annet enn å sende folk på meningsløse kurs og aktiviteter for å holde folk gående i meningsløse aktiviteter.

Det spørs om alle opplever NAV som «parasittvirksomhet» no i koronakrisa, som teiknar til å bli ei djuptgåande økonomisk krise.

I Facebook-posten argumenterte BIEN også for at innføring av borgarløn «vil minske byråkratiet betraktelig og bli betraktelig billigere». I pamfletten Borgerlønn: Veien videre for velferdsstaten, utgjeve av organisasjonen, skriv Anja Askeland og Peter Normann Waage både at «en universell og ubetinget borgerlønn vil fjerne alle muligheter for trygdesvindel», og samstundes at «borgerlønnen ikke skal erstatte velferdsstaten. Pengene skal dekke livsopphold, ikke ekstra kostnader til helse og utdanning».

Sidan alle moglegheiter for trygdesvindel neppe kan fjernast utan å fjerna alle behovsprøvde eller ikkje-universelle trygdeordningar, synest det openbert at dei meiner trygdesystemet langt på veg skal erstattast av borgarløn. Samstundes skreiv talsperson for BIEN, Øyvind Steensen, dette i 2017:

Det er naturlig at folk som har behov for ekstra ytelser beholder sin rett til det og at vi beholder gode ordninger i folketrygden, men borgerlønn kan fortsatt effektivisere velferdssystemet og erstatte store deler av velferdsprogrammene uten å svekke de allerede svake i vårt samfunn. Tanken er å skape en mer rettferdig verden og å løfte frem menneskers og samfunns potensiale, ikke det motsatte.

Dette kan lesast ganske sprikande. Lat oss likevel ta dei på ordet. Det BIEN, blant anna i den nemnde pamfletten, tek til orde for er at borgarløn er ei vidareutvikling av velferdsstaten.

Og problemet er…

Pamfletten seier at det «vil løse mange av de problemene det moderne samfunnet står overfor». Den seier pinleg lite konkret om korleis.

Og det store spørsmålet er: Er det sant?

Eit potensielt ganske langt svar på det, er at det kjem veldig an på korleis ei slik borgarlønsordning faktisk vert utforma. Dersom målet med ei borgarlønsordning er å redusera fattigdom, kan ein byrja med å sjå på det kanskje alvorlegaste fattigdomsproblemet i Noreg (sjølv om fleire kan konkurrera): I 2017 levde 105.538 norske barn under den norske fattigdomsgrensa.

No er fattigdom eit relativt omgrep, og det er ikkje med naudsyn slik at alle familiane desse borna veks opp i faktisk opplever å vera fattige. Men ganske mange gjer det. Ein stor del av desse borna kjem dessutan frå familiar med innvandrarbakgrunn. Ein kan altså sjå tendensar til at det veks fram ein ny norsk underklasse med migrantbakgrunn. Det er ei oppskrift på utanforskap og elende, og eit viktig problem å gripa tak i.

Slik sett er dette to grunnleggjande spørsmål dei som etterlyser ei universell borgarløn må svara på: 1. Hjelper ordninga desse borna? 2. Gjev ei universell borgarlønsordning betre hjelp enn målretta ordningar, til dømes ei monaleg og kanskje også behovsprøvd auke i barnetrygda?

Og dersom ei universell borgarløn også er meint å erstatta trygdeordningar av ulikt slag, snik eit tredje spørsmål seg på: Syter ordninga faktisk for at born som lever i fattigdom i Noreg sluttar å gjera det, eller fører ho snarare til at pengar vert flytta frå behovsprøvde ordningar og til menneske som ikkje treng ho? For å svara på slike spørsmål, må ein vera detaljert, og ein må vera grundig. Det hjelper ikkje med skrivebordsøvingar om kva fordelar borgarløn vil gje. Og ei borgarlønsordning av typen Charles Murray føresler vil fort gjera vondt verre.

Les: Når det vert framheva at idéen har tilhengjarar på ulike stader på det politiske spekteret er det ein bløff. Det er snakk om ulike idéar.

Fleire utfordringar

Men det er andre problem med borgarlønsidéen også. For det fyrste, ein risikerer auka ulikskap og meir fattigdom, sjølv om det ein vil er det motsette. Som ein rapport frå OECD seier:

Ei universell grunnløn er veldig enkel. Men sidan eksisterande sosiale fordelar ikkje er det, gjer det å skifta dei ut med ei universell og flat grunnløn føra til kompliserte mønstre av gevinstar og tap. Ei budsjettnøytral grunninntektsreform vil difor ikkje vera fordelingsnøytral.

[…] Samla sett vil eit stort fleirtal anten sjå betydelege gevinstar eller store tap. Dette er mest uttalt i Frankrike og Italia, land der fordelane som ei grunninntekt vil erstatta, i stor grad er basert på sosiale forsikringar. Dei som mottar trygdeytingar (f.eks. tidligpensjonerte og mange arbeidlause) ville normalt tapt på ei erstatning med grunnløn på GMI-nivå (dvs. dagens garanterte minsteinntektsnivå, min merknad).

For det andre: Skal ei universell borgarløn fungera må ho vera stor nok til at det faktisk er mogleg å leva nøkternt, men anstendig på ho. Når ho samstundes skal betalast ut til alle, heilt uavhengig av behov (det er sjølve poenget), vil ho ikkje vera budsjettnøytral. Ho vil skapa eit stort, svart hol i nasjonalbudsjetta.

Då Stortingets utgreiingsseksjon rekna på dette for nokre år sidan, var konklusjonen at prislappen var på mellom 100 og 600 milliardar kroner. Dei borgarlønsordningane som vil fungera etter intensjonane ligg nok nærare det siste talet, og prislappen har nok også auka i åra som har gått.

Det er ikkje uløyseleg: I teorien kan ein henta pengar frå andre budsjettområde, som helsevesenet eller samferdsel. Utgiftene på statbudsjettet for 2020 var (før koronakrisa) på litt over 1400 milliardar, så det vil nok fort verta brutalt.

Dersom det framstår lite freistande, kan ein auka skattenivået monaleg, slik at svært mange av dei som får utbetalt borgarløn i realiteten betaler ho inn igjen i form av skatt (ein kan også nytta negativ inntektsskatt, sjølv om det reint teknisk inneber nokre utfordringar). Ein kan la folk med gode inntekter blø ekstra. Men kvifor skal ein gå den omvegen, når ein allereie har ein godt utbygd velferdsstat med gode trygdeordningar? Og om trygdeordningane ikkje er gode nok, kvifor skal ein gå den omvegen når ein skal forbetra dei? Og ikkje minst: Kva effekt vil dette ha på skattevilja?

Oppsummert: Ideen om borgarløn er ein uklår og ofte vagt formulert idé, med sprikande politisk innhald. Det er ei halvkveda vise som risikerer å gje motsett effekt av det ein ynskjer. Det er, på sitt beste, ein trøblete idé.

Det kan vera gode grunnar til å meina at kontantutbetalingar til alle kan fungera som verkemiddel for å dempa ei økonomisk krise som koronakrisa. Men skal ein leita etter varige løysingar som skaper ein betre velferdsstat, bør ein sjå på reformar innan den eksisterande velferdsstaten, istadenfor for å – i større eller mindre grad – kasta vrak på heile trygdesystemet. Og då må ein tenkja på både økonomisk, økologisk og sosial berekraft. På både miljø og menneske. Og økonomi.

Utdraga frå engelskspråklege kjelder er omsett til nynorsk ved artikkelforfattar.

Videopodkasten kan sjåast her:

Tagged in :

Øyvind Strømmen Avatar

More Articles & Posts