Om Øyvind Strømmen

Foto: Diane Berbain

Øyvind Strømmen (f. 1980) er forfattar og journalist. Han er utdanna innan journalistikk og religionsvitskap, og har som journalist særleg arbeidd med ekstremisme av ulike typar og med europeisk høgreradikalisme.

Han er nyhenderedaktør i det journalistiske fagnettverket Hate Speech International. Strømmen representerer Miljøpartiet Dei Grøne på fylkestinget i Hordaland.