Smaklaus og fordummande karikatur

Faksimile frå dagbladet.no

Dagbladet publiserte i går ein interessant og innsiktsfull kommentar om den nye israelske lova om den jødiske nasjonalstaten og om drusarane sine protestar mot denne, skrive av Jan-Erik Smilden. Den nye lova inneber også at arabisk – som før var eit offisielt språk i Israel – no er nedgradert til å vera eit språk med “spesiell status”. Det er ei lov som har møtt mykje kritikk, også frå jødisk diaspora.  

Diverre er denne kommentaren utstyrt med ein karikaturteikning som er både smaklaus og fordummande. I denne vert den israelske statsministeren teikna som ein hakekross, i tillegg til at det er bakt inn ein referanse til det sørafrikanske apartheidregimet. 

Den er smaklaus fordi den koplar inn nazisme i ein kritikk av ein israelsk statsminister. Terskelen for å samanlikna jødar med eit regime som systematisk gjekk til verks for å utsletta dei frå jordas overflate, gjennom eit delvis industrialisert folkemord, og som også kom veldig langt i å oppnå det, burde vera – for å seia det forsiktig – skyhøg. Teiknar Finn Graff har gjort det før, då han i 2006 teikna Ehud Olmert som nazistisk leirkommandant, med gevær i hendene og med ein død palestinar på bakken. Teikninga hadde klåre referansar til filmen Schindlers liste der ein sadistisk leirsjef skaut på jødiske fangar for mor skuld. Det var smaklaust den gongen, slik det er smaklaust no, og det er det heilt uavhengig av kva ein måtte meina om israelsk politikk. Det finst nok dei som ikkje vil lika å høyra det, men ei slik samanlikning er også å lefla med beint ut antisemittisk tankegods, ein farleg leik med elden. Det er truleg medvitlaust, men det er ikkje greitt.

Den er fordummande fordi det er hav av skilnad mellom nazismen sine brotsverk og ei lov som er symboltung, men også rimeleg symbolsk. Ja, denne lova er uttrykk for ei reaksjonær vending i israelsk politikk, og det burde uroa mange, ikkje minst mange israelsvener. Men å gjera ei slik kopling er verkeleg noko sjølv dei mest innbitte israelskritikarar burde halda seg for gode til. Samanlikninga med apartheidregimet er for den del også ei samanlikning som fort fører inn på gale vegar, noko den radikale og knappast ukontroversielle israelske fredsaktivisten Uri Avnery har skrive innsiktsfullt om ved fleire høve

Til sist: Israel fortener sjølvsagt kritikk på mange område. Det burde ikkje vera naudsynt å seia dette i denne samanhang. Diverre er det det. Den norske debatten om Israel og Palestina ender ofte i grøftekantane, og mange søkjer også å pressa andre inn i den eine eller den andre grøfta. Slik eg ser det er både det israelske og det palestinske samfunnet djupt prega av den langvarige konflikta, og av okkupasjonen, og det på måtar som er øydeleggjande for dei båe. Israel ber eit særleg ansvar, ikkje minst for situasjonen på den okkuperte Vestbreidda. Men skal det vera von om å nå ei fredeleg løysing i framtida må fleire sider vera i stand til å sjå og forstå motparten sine narrativ. Det er det sjølvsagt både enkelt og ein smule arrogant å sitja i fredelege, trygge Noreg og seia. Men ein ting er visst: å spela på det jødiske folket si største tragedie – massemordet på millionar av menneske – er ikkje eit teikn på at ein skjøner det fnugg av det israelske narrativet.

Fornuftige kritikarar av gjeldande israelsk politikk bør ikkje berre sjå det smaklause og det fordummande i karikaturar som dette. Dei bør sjå korleis det er fullstendig kontraproduktivt og korleis det fører til ei fullstendig avsporing. Det er beint fram trist at Smilden sin kommentar no kjem til å drukna i støyen av Graff si teikning.